Segla

Kalandra
Album : A Frame of Mind
Ho ferdest ut mot havet
Stormen fylgjer på
Regnet stryk mot kinna
Men ingen her kan sjå
At under yverflata
Druknar ho eit kor
Sjølv om ho kan høyra kvart eit ord
Ho talar med dei vonde
Gøymd under torevêr
Ingi sjel fær sjå no
Kva det er ho ser
Og ingen når å finna
Henne der ho er
Ho døl ljoset rundt seg når ho fer
Stundom er ho faren langt frå her
Ho ser eit rom i verdi
for dei som ei slår rot
Inkje er for mykje
Havet tek imot
Kan henda ein må leva
med stormen slik han er
For han vil fylgja med deg der du fer
Ho lyt segla sjølv om der er skjer
Når du stend i stormen vert du blind
Men ein kan ikkje segla utan vind
Aah aah
Rett under yverflata
Kan ingen sjå du gret
Du seglar ut på havet
Ingen kan høyra deg
Rett under yverflata
Kan ingen sjå du gret
Du seglar ut på havet
Ingen kan høyra deg

Related lyrics

Singer Song title
Kalandra Are You Ready?
Kalandra I Am
Kalandra Untie The Knot
Kalandra The State of the World
Kalandra Bardaginn
Kalandra A Life Worth Living
Kalandra I'll Get There One Day
Kalandra I Remember A Time
The Real Group Vem Kan Segla Forutan Vind
Asta Kask Ett Liv Pa Kredit




Comment List

No comments available.